Min filosofi

MIN FILOSOFI OG KORLEIS EG JOBBAR!

Ei human, praktisk og energimedviten tilnærming til utvikling, tryggleik og djupare livskvalitet.

Målet mitt som terapeut

Å bistå til at andre veks og utviklar seg, opplever fridomen av å vere meir seg sjølv i livet sitt og ta eigne val istadenfor å vere den dei trur andre forventar dei skal vere, er av det som gjev meg størst glede og energi.

«Me har alle svar inni oss, mitt ynskje er å setje deg i refleksjoner til å finne svara du treng der du er i ditt liv akkurat no!»

Erfaring, respekt og ressursar

Eg har jobba med mennesker i over 40 år, dei siste 25 åra innan helse og omsorg. Det å fylgje andre mennesker i prosessar som fører dei nærmare der dei ynskjer å vere i sine liv, er svært gjevande. Det gjer meg ydmjuk å få innblikk i andre sine tankar og følelsar, og det er med stor respekt for enkeltmennesket, når eg får andre sin tillit, til slik samarbeid. Me har som enkeltindivid enorme ressursar om me evnar ta dei i bruk. Om ein iblant søkjer veiledning og støtte hjå andre, til å "sjå" og ta i bruk våre ressursar, ser eg det som ein styrkje i den einskilde. Me har alle svar inni oss, mitt ynskje er å setje deg i refleksjoner til å finne svara du treng der du er i ditt liv akkurat no!

Me er både individ og ein del av noko større

Som firmalogoen min illustrerer er me enkeltståande individ samtidig ein del av noko større. Når alt kjem til alt, er me heilt åleine her i verda. Ja, det kan høyrest skremmande ut, dog sant. Det er kvar og ein av oss sit øverste ansvar å ivareta og skape vårt beste liv. Samtidig er me ein del av noko større og avhengig av kvarandre. Me er flokkdyr. Eg trur òg at det er meir «mellom himmel og jord» enn me evnar sjå med det «blotte auget». Alt heng saman og er energiar. Mykje er uforklarleg i livet og siste 30 åra har eg utforska og vore nysjerrig på det åndelege, det som er utanfor vår fysiske kropp. «Tankens kraft», manifestasjon og det at me alle har ei rolle her på jorda, er noko eg er vorten meir og meir bevisst seinare år. Korleis me har det inni oss påverkar det utanfor og rundt vårt vesen. Fokuserar me på alt me ynskjer og drøymer om, ja då kan ALT vere mogleg, trur eg! Me kan alle skape endringar på vår livsveg som fører oss mot livet me kjenner er rett for oss og den me eigentleg er. Kan eg - kan DU!