Vedic Art kurs

Ein naturleg måte å uttrykkje seg kreativt - utan fokus på prestasjon.

Vedic art portrett av Ingunn Karin

Malekurset i Vedic art passar for deg som ynskjer å komme i djupare kontakt med di eiga skaparkraft. Du treng ikkje kunne male eller teikna for å delta på kurset. Her vert du invitert til å skape i glede og utan krav. Metoden passar like godt for deg som har liten eller ingen erfaring med teikning og maling, som for deg som er meir dreven.

Kurset er lagt opp som ei kreativ reise gjennom 17 vediske prinsipp. Her legg ein til rette for at den enkelte får muligheit til å fordjupa seg i sin eigen skapelsesprosess og skaparkraft. Prinsippa danner grunnlaget for denne kraftfulle maleforma fordi det er nær samanheng mellom kunst og liv. Kunnskapen er bygd på LIVET SJØLV, og Veda vekkjer til live og lokkar fram den indre innsikten og visdommen du allereie bærer på - kanskje utan sjølv å være klar over den.

For mange startar ei ny tidsrekning - før og etter møtet med VEDIC ART. Velkomen til skapande leik med fargar og former.

Eg underviser grunnkurs og fortsettelseskurs på norsk og engelsk.

Ta med
notatblokk, skrivesaker, fargeblyanter, gråblyant, rableblokk, papir/kartong/lerret til å teikne og male på, akrylmaling, penslar/svampar, papirtallerknar eller pallett, filler eller tørkerull eller kva du måtte ha frå før.
Kursstad
Øygarden vest for Bergen · Bergen · Min heimkommune Hyllestad i Ytre Sogn · Sør - Nesset fjellgård ved Atnasjøen, Rondane · evt. der du bur om ca 6 deltakarar.
vedicart.no — meir informasjon om metoden.
Vedic art portrett av Ingunn Karin