Hopp til innhold
Forsidebilde

HEILE DEG OG DITT LIV!

Velkommen hit – la oss bli kjent

Eg tilbyr

Nære samtaler, tydelege rammer og støtte som varer.

looking_out_window picture

Veiledning 1:1 – ved fysisk oppmøte og ute på tur i Øygarden vest for Bergen og online.

Kva kan du forvente?

Endring krev nye val og handlingar. Vanar tek tid å endre; difor startar me ofte med minimum 5 timar for å sikre framdrift og oppfølging. Du kjem av fri vilje – med eit ynskje om endring – og me jobbar saman.

NB! Eg gjev ingen garantiar, stiller ikkje diagnosar eller behandlar spesifikke lidingar. Du er sjølv ansvarleg for medisinsk oppfølging. Ta kontakt med fastlege ved behov.

Prisar

60–90 min

1 veiledningstime per gang kr 1550,- (60-90 min).

For deg som er klar for å dedikere deg over tid, med moglegheit for oppfylgjing mellom timane, er det to alternativ.

  1. 5 timar kr 7220,- (ila 3 mndr.)
  2. 8 timar kr 11.100,- (ila 5 mndr.)

Delbetaling mogleg.

Avbestilling: Du må avbestille timen din minst 48 timar før du har time. Dette gjeld to virkedagar før timen. Helligdagar og helg tèl ikkje som virkedagar. Dersom du ikkje møter, vert du fakturert for timen. Gir du beskjed i god tid om du ikkje har anledning å komme, finn eg ny time for deg.

Ynskjer du å vite meir og finne ut om veiledning med meg passar for deg?

Bestill ein 30 min gratis og uforpliktande samtale, då finn me ut kva du ynskjer hjelp og støtte til og om det er noko eg kan bidra med!

Bestill klarheitssamtale her:

Gå til kontakt

Arrangement

Kurs, samlingar og opplevingar

Sjå komande arrangement, finn datoar som passar og meld deg på direkte frå arrangementsoversikta.

Oversikt

Samla side for kurs, foredrag og samlingar.

Påmelding

Meld interesse direkte frå kvart arrangement.

Oppdatert

Nye datoar vert lagt ut fortløpande.

Ingunn Karin i media

TV 2 Nyhetsmorgen, 4. desember 2022

04.12.22 deltok eg i direktesending på Nyhetsmorgen på TV 2, der eg snakka om mi hjartesak: å hjelpe andre attende i arbeid.

Dette var rett før eg starta mitt signaturprogram «SKAP DIN MEININGSFULLE KVARDAG - KRYDRA MED LATTER!»

Ingunn Karin Dale i TV 2 Nyhetsmorgen
Eit viktig høve til å løfte fram arbeidsglede, retning og vegen tilbake til arbeidslivet.

Gruppetilbod fysisk oppmøte (dato kjem)

12 vekers gruppeprogram: «SKAP DIN MEININGSFULLE KVARDAG, KRYDRA MED LATTER!»

Ein naturleg stad å starte når du kjenner at du vil noko meir – og er klar for endring.

Kva får du?

Ei 12 vekers reise for meir livsglede, retning og indre ro – med oppfølging undervegs.

  • Oppstartssamtale 1:1 og gruppemøter
  • Individuell oppfylgjing online mellom møta
  • Refleksjonsoppgåver og praktiske teknikkar

Datoar, prisar og introbonus kjem.

Gruppeprogram bilde
Ei varm og trygg ramme med fellesskap, struktur og praktiske verkty.

Tjenester

Tre inngangar til meir glede, kreativitet og nærvær.

Latteryoga

På latterkurs ser me korleis latter skaper kontakt, fellesskap og indre glede – med positiv effekt på både kropp og sinn.

Les meir

Vedic Art kurs

Kreativ reise gjennom 17 vediske prinsipp – utan prestasjonspress.

Les meir

Kunst til salgs

Mi reise som kunstnar + galleri (kjem).

Sjå meir

Kunst til salgs

Nokre utvalde verk

Sjå eit lite utval frå galleriet. Klikk deg vidare for å sjå alle verk og sende forespørsel.

Sjå alle verk

Nye verk kjem snart. Gå til kunstsida for meir informasjon.

filosofi bilde

Min filosofi og korleis eg jobbar

Over 40 år med menneskearbeid har lært meg at me har store ressursar når me tek dei i bruk. Me har ofte svara i oss sjølve – eg hjelper deg i refleksjon til å finne dei.

Me er individ og del av noko større. Alt heng saman – energi, manifestasjon og «tankens kraft». Fokuset på det du ynskjer, kan gjere mykje mogleg. Kan eg – kan DU!

Les mer