Portrett av Ingunn Karin

OM INGUNN KARIN

Hei, eg er Ingunn Karin, livsglad Sognejente, bur i Øygarden vest for Bergen, mamma til 3 og bestemor til 4.

Via alle mine tjenester ynskjer eg bistå deg, til å finne din indre styrkje og stå støtt i deg sjølv. Eg kan vere med deg i prosessane som gir endringane til eit MEINININGSFULLT LIV FOR DEG!

Bakgrunn

Som veiledar, foredragshaldar og via mine kurs, bistår eg andre innan sjølvutvikling.

Fagleg er eg utdanna innan økonomi/rekneskap/bankakademiet. Eg er omskolert til autorisert vernepleiar og gestaltveiledar. I tillegg er eg Vedic Art lærar, latteryogainstruktør, erfaringskonsulent og kunstnar.

Eg har jobba med mennesker frå eg hadde sommerjobb som 15 åring. Siste 25 åra har eg arbeidd innan attføring, psykiatri, rusomsorg, vidaregåande skule med tilrettelagt tilbod og i eige firma. Me kan samarbeide uansett kor du bur, då eg òg jobbar online i tillegg til fysiske arrangement.

Ingunn på tur/arbeid i natur
Symbolsk bilete for levde erfaringar

Levd erfaring

*************************************************************

Eg likar omtale mine «levde erfaringar» som min «spisskompetanse» og der har eg min unike tilnærming til å kunne vere ein støttespelar for andre som søkjer sin veg i livet, tenkjer eg.

Eg jobbar som sjølvstendig erfaringskonsulent og var med å starte, drifte, undervise og veilede andre i oppstarten av MB-programmet i Bergen. Siste åra har det vore eit varig tilbud i som utdannar erfaringskonsulentar og bistår andre til å jobbe som fagpersoner innan psykisk helse.

Som fagperson og sjølv ha nytta tjenester i psykisk helsevern gjekk eg i 2006 inn i MB-prosjektet og fekk nyttegjere mine levde erfaringar som pasient i psykiatrien til å hjelpe andre

Me som sjølv har kjent på kroppen korleis det er å vere i djupe kriser, der både fysisk og psykisk helse «sviktar» i stor grad og kvardagen vert kun eit overlevelsesprosjekt, har ein unik evne til å møte andre i sine livskriser. Det er ikkje alt ein kan «lese seg til» som hjelpar i helsevesenet.

Å snu vonde erfaringar til nytte for seg sjølv og andre, er noko av det mest verdifulle eg innehar av kunnskap, slik eg ser det.

Vegen har vore svært kronglete med djupe mørke dalar og lysare lettare svingar for meg. Eg har klatra opp og fram, rast nedover att, teke nye svingar og valg på min livsveg. Fokuset har alltid vore å sjå dei små framstega mot eit endå meir meiningsfullt liv med kjærleik, indre ro, glede og takknemlegheit.

Kjærleiken til meg sjølv er den viktigaste. Når eg elskar meg sjølv ubetinga vil eg naturleg spre kjærleik til alt og alle rundt meg. Vinn vinn og loven om tiltrekning vert essensiell her.

Alt er energi og alt er mogleg, aksept utløyser starten på endringsprosessar. Å bistå andre til å finne sin aksept, sine styrkjer og energikilder i livet, er ei stor gåve eg er djupt takknemleg for å bidra til.

Kurs/verkstadKunst og kreativitetLatteryogaOnline rettleiing