LATTERYOGA
På latterkurs har me fokus på kva latteren gjer med og for oss, både som enkeltindivid og i gruppe. Latter skaper kommunikasjon, fellesskap, "bryt isen", gir avspenning muskulært og ikkje minst kan den gje ekte indre glede! Latter er heilt gratis, og påverkar oss både fysisk, mentalt og emosjonelt.

Den indiske Dr. Madan Kataria som fann opp latteryogaen, starta å utvikle øvingar der ein hentar fram latteren i folk. Ein brukar yogapust og iblant yogainspirerte øvingar i latteryoga, derav namnet.
Latteren styrkjer immunforsvaret, senkar stressnivået i kroppen, aukar energien, styrkjer kreativiteten og skjerpar fokuset vårt. I tillegg er latter gratis!
Regelmessig bruk av latteryoga kan ha helsegevinstar som redusert blodtrykk, auka energi og livsglede. Skuleklassar som øver latteryoga før undervisning har opplevd meir fokus og konsentrasjon blant elevane, spesielt dei med ADHD-diagnose.
"Ein god latter forlengjer livet!" seiest det, og det er viktig at den ikkje går på bekosting av andre. Om me alle tek ansvar for å skape eit humørfylt miljø både i arbeid og privat vil det gje ringverknader til alle. Latter og sunn humor opnar oss opp og kan skape betre samhald. Det er både sunt og fornuftig å ha det kjekt. Å le av oss sjølv og saman med andre, styrkjer relasjonane våre og gjer kommunikasjon og samarbeid lettare og lystigare.
Latter og sunn humor på arbeidsplassen kan gje mindre sjukmeldingar, redusere konfliktnivået, styrkje kreativiteten og gje høgre måloppnåing. Det er faktisk lønnsamt å ha det moro!
Forskning viser at vaksne ler 10–15 gonger om dagen. Barn kan le heile 300–400 gonger i den same perioden.
Når utfordringar og alvor har teke overhand, førte det tidlegare til at eg har kjent saknet av meir latter og glede i kvardagen. Eg kursa meg som latteryogainstruktør og underviser latteryoga for grupper. Det er på tide ein tek latteren på alvor og som «latteryogaens far» seier;
«Det er ingen latter i medisin, men mykje medisin i latter!»
Tilbod på bestilling
På bestilling kan eg tilby latteryoga for ei gruppe i:
- Privat regi
- Teambuilding i bedrifter
- Alders- og sjukeheimar, dagsenter, aktivitetssenter
- Skuleklassar
- Innsatte i fengsel